O-helg Sunnfjord 3.-5. mai

Postet av Førde IL Orientering den 25. Apr 2024

Helga 3.-5. mai er det orienteringshelg i Sunnfjord. 
Fredag 3. mai KM sprint frå Førde ungdomsskule. Start kl 19.30. 
Laurdag 4. mai kretsløp mellom frå Førde ungdomsskule. Kart: Førdslia. Start kl 12.00. 
Søndag 5. mai kretsløp mellom i Askvoll. Start kl 12.00. 

Det vert også arrangert o-troll-leir og ungdomsleir på Førde ungdomsskule denne helga.
For meir informasjon sjå innbyding på Eventor. 

Her er løyper for alle. Vi har hatt veldig god deltaking på våre nærløp på onsdagar så langt i år, og vi håper at fleire nyttar høvet til å vere denne helga. Påmelding i aldersklasse. 
Sidan dette er kretsløp ønsker ein at flest mogeleg melder seg på i god tid i Eventor. 

Påmelding (og innbyding) fredag 3. mai i Førde
Påmelding (og innbyding) laurdag 4. mai i Førde
Påmelding (og innbyding) søndag 5. mai i Askvoll.



Lagsmeisterskap sprint

Postet av Førde IL Orientering den 24. Apr 2024

65 deltakarar starta på sprintløpet på Halbrend skule onsdag 24. april. Resultatlista viser mange jamne duellar. Løypevinnarar: A-kvinner Gøril Fristad, A-menn Håkon Grønli, B-kvinner Olea Fristad, B-menn Kenneth Husevåg-Lobben, C-kvinner Ann Kristin Kusslid, C-menn Erlend Husevåg-Lobben. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Neste o-løp i Førde vert  3. og 4. mai. Fredag 3. mai vert det KM-sprint med samlingsplass på Førde ungdomsskule. Laurdag 4. mai er det kretsløp i Førdslia. Det er også løp i  Askvoll 5. mai. Denne helga er det også o-troll-leir og ungdomsleir på Førde ungdomsskule.Vi må ha fleire deltakarar frå Førde. Så langt er det flest påmeldte frå Bergens-området. Sjå innbydinga, og meld deg på! 



Nærløp og lagsmesterskap Halbrend 24. april kl. 1800.

Postet av Førde IL Orientering den 21. Apr 2024

Nærløpet komande onsdag ved Halbrend skule er også sprint-lagsmesterskap.   Opplegget er likevel om lag det same som eit vanleg nærløp med 4 løyper: Løype 1 A-nivå 2,3 km, løype 2 B-nivå 1,6 km, løype 3 C-nivå 1,3 km og Nybyrjarløype på 0,7 km.  Alle løypene går stort sett på fast underlag, slik at joggesko er riktig skoval.

NB! Det er fri start mellom kl. 1800 og 1930, men sidan det er lagsmesterskap vil løparane i A-, B- og C-løypene først få sine kart rett før start.   Vi minner også om o-skulen frå kl. 1715 til 1800.

Påmelding er greiast ved å bruke Eventor, men kan også gjerast ved frammøte.   Vel møtt til alle!

Påmelding her.



Rekordstor deltaking

Postet av Førde IL Orientering den 17. Apr 2024

Over 70 løparar registrerte seg på o-løpet i Vieåsen onsdag 17. april. I tillegg var det mange forelder og vaksne som følgde born gjennom løypene. Kjekt at så mange kom! Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Gøril Fristad, A-lang menn Håkon Grønli, B kvinner Vena Fristad, B menn Emil Helgheim, C kvinner Ann Kristin Kusslid og C menn Emil Helgheim.

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 23. april kl 18.00 med oppmøte på Halbrend skule. Påmelding gjer du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



Nærløp Vieåsen 17.4.

Postet av Førde IL Orientering den 15. Apr 2024

Nærløp orientering onsdag 17. april i Vieåsen. Frammøte på ballbana. Start frå kl 18.00. Løypeleggar melder om følgjande løyper: A 3,9 km, B 2,8 km, C 2,0 km, Nybyrjarløype 1,3 km. Løypene går i terreng, på sti og veg. For dei som har o-sko er det fint å bruke. 

Minner og om o-skulen same stad kl 17.15 - 18.00.

Veldig kjekt med 66 deltakarar i Movika. Då kan det verte litt hektisk kring parkering, påmelding og kartutdeling. Ver ute i god tid. Oppfordrar flest mogeleg til å bruke Eventor til påmelding, men det går sjølvsagt an å ordne det ved frammøte og. Vel møtt til alle!

Påmelding her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri