Toppidrettstipend og Finn Friis Hafstad Minnefond - 2019/2020:

Postet av Førde IL den 15. Mai 2020

Toppidrettstipend 2019/2020

 

Gjøran Tefre -  langrenn:

Beste prestasjon siste sesong:

2 plass i verdenscup på team sprint i Planica og 8 plass under prøve VM i WC Oberstdorf, samt samanlagtsiger i Skandinavisk cup. 

 

Håvard Gutubø Bogetveit - skiskyting:

Beste prestasjon siste sesong:

3. plass i IBU cup Ridnaun, Italia både på sprint og fellesstart - 5. plass sammenlagt i IBU cupen.

 

Karoline Erdal - skiskyting:

Beste prestasjon siste sesong:

1.plass IBU cup, Sjusjøen og Osrblie, Slovakia i sprint.

Singel mix-stafett gull i EM saman med lagkamerat Endre Strømsheim.

 

Karoline Holsen Kyte - motbakkeløp:

Beste prestasjon siste sesong:

NM gull i motbakkeløp, Mefjellet opp og siger i Skåla Opp.


Finn Friis Hafstad Minnefond - 2019/2020:

 

Mathias L. Sagevik, (Førde IL fotball )

Vinnar av årets Finn Friis Hafstad Minnefond:

- «gjennombrudd» som seniorspelar i 2019 

- årets unge spelar i 2019 for A-lag, menn 

- 22 kampar i Kretsligaaen 2019 (6 mål)

 

Toppidrettstipenda er på kr 10.000,- og Finn Friis Hafstad Minnefond er på kr 7.500,-.

Tradisjonelt brukar desse utmerkingane å bli delt ut i samband med 17.mai feiringa i Førde.

I år blir det som kjent ikkje høve til tradisjonell feiring - vi lyt dermed finne ein anna  egna «arena» for overrekking ved seinare høve.

 

Førde Idrettslag gratulerer prisvinnarane så mykje – og ynskjer lukke til med vidare satsing!


•    Ynskjer alle ein riktig god 17.mai😊



0 Kommentar

Sommaridrettskulen 2020 er avlyst

Postet av Førde IL den 14. Mai 2020

Førde Idrettslag har den seinare tida gjort fortløpande vurderingar, med bakgrunn i at ein hadde eit sterkt ynskje om å gjennomføre ei form for sommaridrettskule også i år, til tross for Covid-19/korona-situasjonen.

Det viser seg at det fortsatt er så mange restriksjonar og omsyn som må takast at vi dessverre har måtte ta den tunge beslutninga om å avlyse årets Sommaridrettskule - som etter planen skulle vore avikla i veke 26 og 27. (22.juni til 3.juli).

Dette er veldig kjedelig for alle involverte - om ikkje anna lovar vi å komme strekt tilbake i 2021 :).


Ta vare på borna og held dykk friske.


0 Kommentar

Ny årsmøte dato er onsdag 10.juni

Postet av Førde IL den 12. Mai 2020

Som følge av  covid 19 virus pandemien har vi sett oss nødt til å flytte årsmøtet fra mars og ny dato blir  10.juni kl.19.00 på Filhuset.

Saksliste og årsmelding se https://www.fordeidrettslag.no/storage/files?uid=1101375727&pfi=47633 


0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline