Åsen og Øvrelid Akademiet

Åsen og Øvrelid Akademiet

Arrangør: Førde IL - Fotball

Tid


Sted


Beskrivelse

 Bilderesultat for logo Åsen & Øvrelid     Bilderesultat for førde il Logo     Bilderesultat for sparebanken sogn og fjordane logo

                                                                                                          Generalsponsor

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet haust 2019

Førde IL Fotball vil ta Åsen & Øvrelid Fotballakademiet eit steg vidare – med fokus på meistring. 

Fotballakademiet er laga for deg som vil trene meir. Øving og masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer er bra for å få god utvikling. 

Kickstart i haustferien! Denne veka blir det lengre økter frå morgonen (info om treningstider kjem).

Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2007 - 2010. Oppstart 7.oktober og avslutning 15.desember - totalt 18 økter i vekedagar + 4 økter i haustferien, og 2 turneringar ila perioden.

Cupdeltaking for deltakarane: futsal turneringar 17. november og 15. desember. NB! Påmelding til cup ligg i prisen. Køyring til turneringar blir koordinert med foreldre.

Tidspunkt for øktene:

Mandag og onsdag 1500 – 1615: u9 og u12 i eigne grupper.

Tysdag og torsdag 1500 – 1615: u10 og u11 i eigne grupper.

Pris pr deltaker er kr.2200,- inkludert treningsgenser.

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no 

Frist for påmelding er søndag 1.oktober. Det er eit begrensa antal plasser i kvart årstrinn. Først til mølla!!!

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og årsmodell på utøvar, e-post og telefon til føresette samt storleik på genser (140-152-164-xs osv.)

Det vil bli sendt ut en bekreftende e-post ved påmelding.

 

Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland

Spelarutviklar og Trenarveiledar 

Førde IL Fotball


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Levert av IdrettenOnline