Internasjonal deltaking

Postet av Førde IL den 27. Jun 2024

Det var internasjonal deltaking på løpet i Solheimsdalen onsdag 26. juni. To løparar frå Ny-Caledonia, på ferie og gjennomreise, var innom og sprang nærløp. Kjekt. Arrangør fekk positive tilbakemeldingar frå løparane. På resultatlista finn vi fleire løparar som f.t. bur vekke frå Førde. A-lang vart vunne av Håvard  Os og Anja Hole. B-løypene vart vunne av  Rophaclle Bouchitte og Arthur Raynaud frå Ny-Caledonia. Best tid i C-løypene hadde Anita Hole og Anders Mallasvik.

Resultatliste finn du her.

No tar nærløpa pause til august månad.Men vi oppfordrar til å delta på eit av dei mange løpa som er kring om i Norge i sommar. Er du heime i Førde, er det også eit godt tilbod med turorientering.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Nærløp onsdag 26. juni

Postet av Førde IL den 24. Jun 2024

Det er klart for siste nærløpet før sommaren onsdag 26. juni. Samlingsplass p-plassen øverst i Solheimsdalen. Start mellom kl 18 og 19. Det er 10-15 minutt å gå til start. 

Løypelengder:

A-nivå 4,6 km, kart 1:7500
B-nivå 3,1 km, kart 1:7500
C-nivå 2,0 km, kart 1:7500
Nybyrjar 1,0 km, kart 1:5000

Parkeringsavgift kr. 20. Betaling med Vipps/kontant.
Vatn/saft, banan og bollar på samlingsplass.

Påmelding gjer du her, ev. ved frammøte. Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør#enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





4-dagers Geilo - o-troll

Postet av Førde IL den 22. Jun 2024

Sogndal IL og SFOK har gleda av å invitere alle løparar i Sogn og Fjordane til felles overnatting og o-trolleir under Geilo 4-dagers 8.-11. august. Vi har booka overnatting i hytter på Bardøla fjelltun. Påmelding og meir info finn du her: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/5744

Merk at det er begrensa kapasitet, så det lønner seg å vere tidleg ute. Vi vil forsøke å få booka fleire hytter om det blir fullt, men kan ikkje garantere noko.

Geilo har vore ein veldig triveleg tur for Sogndal dei siste åra og eit fint "første møte" med springing utanfor eigen krins for mange av ungane, så vi vil gjerne ha med oss fleire.



1 Kommentar

Nærløp Langeland 19.6.

Postet av Førde IL den 17. Jun 2024

Nærløp orientering frå Langeland skisenter onsdag 19. juni kl 18.00. Løyper for alle. Etter løpet vert det servering av saft, kaffi og vafler i skikytta. Påmelding via Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør#enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Lagsmeisterskap lang 12.6,

Postet av Førde IL den 9. Jun 2024

Lagsmeisterskap Lang onsdag 12. juni. Oppmøte Langeland skisenter. Løypelengder: A 6,9 km, B 4,3 km, C 2,8 km, N-løype 1,5 km (bilde over). To ulike startar. N og C-løype har same start, medan A- og B-løype har ca. 15-20 minutt å gå til start. Den lengste løypa går delvis i eit område som sjeldan vert brukt. Grunna lange løypelengder og litt å gå til start er arrangøren denne gangen klar frå 1730. 

Påmelding gjer du her.
Etter løpet vert det servering av kaffi, vafler og saft på skihytta på Langeland. Var kjekt sist onsdag at mange var igjen - håper det skjer denne onsdagen og.

Velkomen til alle! 

Kafe/servering på skihytta etter løpet. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




KM-helg i Nordfjord

Postet av Førde IL den 7. Jun 2024

Markane IL og IL Veten inviterer til KM-helg 15. - 16. juni. Laurdag er det KM mellom med arena på Kvia ved Stryn Skisenter. Påmelding og invitasjon finn de HER.  Arrangør er Markane IL.

Søndag er det KM lang med arena på Leite, merka avkøyring frå Panoramavegen. Påmelding og invitasjon finn de HER. Arrangør er IL Veten.

Det vert og O-trolleir og Ungdomssamling med innkvartering ved Nordfjord Fritidssenter etter løpet på laurdag.Trykk på lenkene for påmelding og meir informasjon.

Følg gjerne Sogn og Fjordane Orienteringskrins: https://sognfjordane.orientering.no/next/p/77744/hjem





Fjord-O 2024 i juli

Postet av Førde IL den 3. Jun 2024

Bergen og Hardanger frister de aller fleste o-løpere som er i feriemodus. Meld deg på til Fjord-O 3.- 7..juli og bli med på herlige o-dager i vest: https://www.fjord-o.no/
Innovative Gular frister også med Hav-O (o-løp i havgapet/Øygarden) helgen 29.6.

Hjemmesiden: https://www.fjord-o.no/
Facebook: https://www.facebook.com/profile.php?id=100094456774505




Orientering Langeland 5.6,.

Postet av Førde IL den 2. Jun 2024

Nærløp frå Langeland skisenter onsdag 5. juni. Start kring 1800. A-løype 4,8 km, B-løype 3,4 km, C-løype 2,1 km og N-løype 1,3 km. Bildet over viser N-løypa. 

Langeland skisenter har brukarbetaling for parkering på kr 80 for dagspass (har du kjøpt årskort gjeld det). 

Påmelding gjer du på Eventor, eller ved frammøte. 

Sosialt: Vi legg opp til litt sosialt etter løpet på skihytta. Vi serverer kaffi (kr 10,-), vaffelkake (kr 10,-) og brus (kr 10,-). Håperalle har tid til å stoppe litt opp og vere med, før ein reiser heim. 

Dei tre neste nærløpa har alle arena Langeland skisenter.  VELKOMEN til alle!

Minner og om KM-helg i Nolrdfjord 15.-16. juni. Laurdag er det KM mellom med arena på Kvia ved Stryn Skisenter. Påmelding og invitasjon finn de HER.  Søndag er det KM lang med arena på Leite, merka avkøyring frå Panoramavegen. Påmelding og invitasjon finn de HER  Det vert og O-trolleir og Ungdomssamling med innkvartering ved Nordfjord Fritidssenter etter løpet på laurdag.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri