Karoline på 4. plass i Nordisk meisterskap!
Postet av Førde IL den 12. Nov 2017
No håpar dei begge på EM-plass
GODE DEBUTAR: Karoline Holsen Kyte og Eivind Øygard er eit langt steg nærare EM-plass etter løpa i Nordisk meisterskap i Danmark laurdag.
Av Stig Roger Eide
Publisert:11. november 2017, kl. 19:43 firda.no
FRIIDRETT: Vart beste norske løparar i seniorklassa i Nordisk meisterskap laurdag.
Både Karoline Holsen Kyte (Førde) og Eivind Øygard (Jølster) imponerte stort under Nordisk meisterskap i terrengløp. Etter løpet i Middelfart i Danmark laurdag, er håpet om EM-deltaking blitt meir aktualisert. Holsen Kyte vart nummer fire i kvinneklassa, medan Øygard vart nummer fem i herreklassa.
Ingebrigtsen-duell
– Ja, sjølvsagt er tankane om EM no blitt litt meir aktuelt. Men sjølv om vi begge vart beste norske løpar i dag, så er det fleire andre aktuelle løparar i tillegg, seier Eivind Øygard. Han viser til at brørne Filip og Henrik Ingebrigtsen visstnok skal ha wild card til EM, og at det skal vere eit uttakingsløp under høgdeopphaldet som Norges Friidrettsforbund har i Flagstaff i USA i desse dagar.
– Så spørst det sjølvsagt også om kor mange forbundet vil sende til Slovakia. Så akkurat no er kanskje det mest realistiske at eg skal springe eit nytt kvalifiseringsløp i Nederland om 14 dagar. Kanskje eg då kunne få vist at eg er god nok. Uansett er dette bonus for meg slik denne sesongen har vore. Den har gått over all forventning, og løpet i dag var ei flott stadfesting på det eg opplevde tidlegare i haust, seier 25-åringen som har teke steget opp i landstoppen i løpet av dette året.
– Ja, det har losna skikkeleg i år. Eg har trent godt i mange år, men det er først i 2017-sesongen at toppløpa har komme. Så eg håpar berre å bygge vidare på dette, og ta alle sjansane eg får, seier Øygard.
Fekk sølv
EM i terrengløp vert i år arrangert i Slovakia tidleg i desember, og Karoline Holsen Kyte har også eit ønske om å få vere med der.
– Hittil har sesongen vore langt over dei forventningane eg hadde i vår. Skulle det bli EM-deltaking i terrengløp i tillegg, vil det berre vere heilt fantastisk. Eg hadde det litt i tankane i dag, og hadde mål om å bli beste norske i kvinneklassa. Difor opna eg ganske hardt også, og fekk det kanskje litt på slutten. Men berre seks sekund unna bronsemedaljen er meir enn godkjent for min del, smiler Førde-jenta etter løpa i Middelfart i Danmark.
– No er det tilbake til Oslo og studiar. Og sjølvsagt trening. Skulle det dukke opp ein EM-billett, så vil det sjølvsagt berre vere ekstra motiverande, seier Holsen Kyte.
Og sjølv om det ikkje vart individuelle medaljar på dei to sunnfjord-utøvarane, så fekk det norske laget sølvmedaljar i lagkonkurransen. Berre to fattige poeng bak Sverige.
– Då vart det også sølvmedalje i Nordisk meisterskap i debutløpa våre. Klart vi har grunn til å vere nøgde med det, seier Holsen Kyte.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL
Ekstraordinært årsmøte
11.07.2024
Internasjonal deltaking
27.06.2024
Nærløp onsdag 26. juni
24.06.2024
4-dagers Geilo - o-troll
22.06.2024
Nærløp Langeland 19.6.
17.06.2024
Lagsmeisterskap lang 12.6,
09.06.2024